Ny dom om prisavslag ved feil på Tesla model S

Forside av dom angående en Tesla

Sist oppdatert 12. juli 2023 av Advokat Eirik Teigstad

Saken gjaldt krav om prisavslag for defekt “drive unit” på en Tesla Model S p85 og krav om erstatning for advokatutgifter. Tingretten kom til at saksøker kunne rette reklamasjonen direkte mot Tesla, selv om den var ti år gammel. Videre kom tingretten til at driverenheten (“drive unit”) var ment å vare i hele bilens levetid og tilkjente kroner 69 000 i prisavslag, samt advokatkostnader.

Bakgrunnen for saka
Den 23.08.2021 kjøpte A ein brukt Tesla Model S p 85, 2013 modell. Kjøpsprisen var kr 238 000. Bilen hadde hatt fleire eigarar før A kjøpte bilen.

I salsannonsa på Finn.no gjekk det fram at «Januar 2018: Skiftet Drive Unit på 112192 km».

Mot slutten av juli 2022 oppdaga A ein lyd frå bilen og den 28. juli 2022 leverte han bilen inn til Tesla Motors Digerneset for undersøking. Det vart slått fast at det var naudsynt å bytte ut bilen sin «Drive Unit». Ein Drive Unit er den elektriske motoren med reduksjonsgear (driveining på norsk) som gjer at hjula går rundt og består av dei tre komponentarne transformator, motor og rotor/differensial. Kostnaden for å bytte ut driveininga var av Tesla Digerneset estimert til kr 147 187, 26 men partane har seinare blitt samde om at den reelle kostnaden for å bytte ut driveininga er kr 69 000,-.

A reklamerte direkte til Tesla 29. juli 2022.

Tesla avviste kravet same dag.

Det er ikkje omtvista at saksøkar har reklamert i tide. Det er heller ikkje omtvista at saksøker kan tre inn i første eigar sitt krav, jfr kjl § 84, slik at forholdet er regulert av forbrukerkjøpslova.

Det er ikkje omtvista at Tesla to gongar tidlegare har bytta ut bilen si driveining. Dette skjedde i februar 2015 og i januar 2018. Dette gjorde Tesla kostnadsfritt i samsvar med Tesla sin garanti.

Den 28. august 2022 sendte saksøkar inn forliksklage til Ålesund forliksråd der det vart kravd at Tesla skulle betale kr 192 890,- til saksøkar i prisavslag og erstatning for advokatkostnader.

Forliksrådet innstilte behandlinga av saka i vedtak av 16. november 2022. Vedtaket vart rekna som forkynt for saksøkar den 18. januar 2023.

Retten mottok stemning i saka den 19. desember 2022.

Du kan lese mer om reklamasjon på Tesla her.

Det vart halde digital munnleg sluttforhandling den 14. mars 2023.

Saksøkar sitt påstandsgrunnlag
A gjer gjeldande at han har reklamert i tide og at det ikkje er bilen som sådan han reklamerer over, men driveininga i bilen som ein må kunne forvente skal ha ei levetid på meir enn fire år. Når driveininga vart bytta i 2018 og slutta å fungere i 2021 vil dette vere ein rettsleg mangel ved driveininga.

A gjer gjeldane at feilen ved bilen si driveining utgjer ei feilutbetring av eksisterande mangel frå så langt tilbake som 2015 då driveininga vart bytta første gong. Det vert særleg vist til at driveininga har vore bytta i 2015 og 2018 og at det vart behov for å bytte den også i 2022. A gjer gjeldande at denne type problematikk med driveininga har vore eit større problem for Tesla sidan 2013 og at dette er årsaka til at Tesla-eigar Elon Musk kunngjorde i 2014 at driveiningane ville bli bytta på alle Tesla Model S som hadde havarert og som låg an til å havarere.

A meiner utbetringa av tidlegare manglar ikkje er gjort på ein tilfredsstillande måte, jfr fkjl § 29.

A viser særskilt til at utført kjørelengde etter ombytting er vesentleg kortare enn det som er forventa i forhold til ei vanleg god vare og at dette er ei svakheit ved den spesifikke komponenten som har vist seg to gongar tidlegare med bilen. At komponenten vert øydelagt på nytt medfører derfor at mangelen ikkje er rett utbetra, dette er sannsynleggjort ved den aktuelle køyrelengde etter siste utbetring.

Driveininga er ein vesentleg komponent av bilen som tilsvarar bilen sin motor. Det ligg føre ei klar forventning om at det skal vere lenger levetid enn to år på denne komponenten. Dersom feilen innanfor dette tidsrommet ikkje skuldast feil bruk må ein legge til grunn at det er ein mangel. Dette fordi at sjølv etter at delen vart bytta så svarar ikkje bilen til kravet om alminneleg god vare etter fkjl § 15b. Det ligg derfor føre ein mangel etter fkjl § 16 jfr § 15b.

Sjølv om saksøkte skulle meine at feilen ved driveininga skuldast slitasje, meiner A at det er Tesla som må bere ansvaret for dette fordi driveininga er ein svakt konstruert komponent. Dette er dokumentert ved den hyppige utskiftinga av komponenten. Det er ikkje A som skal bære ansvaret for ein dårleg bygd komponent.

Det er ikkje urimeleg at Tesla må bere ansvar for denne mangelen. A gjer gjeldande at driveininga vart hasteimportert og at den har ei latent svakheit som A ikkje skal lide eit tap for.

Tesla har høve til å omlevere bilen dersom dei meiner ei utbetring ikkje vil vere tilfredsstillande. Det vert gjort gjeldande at å skifte ein dårleg del nok antall gongar for å oppfylle ei minste køyrelengde på ein kontraktsmessig vare, ikkje er tilstrekkeleg utbetring. Ein bil med vedlikeholdt motor mm kan ha ei levetid på langt over 400 000km. Det vert lagt til grunn at ein motor på fossile bilar som minimum skal ligge mellom 250 000 og 300 000 km.

Saksøkar sin påstand i stemninga:

  1. Tesla Norway AS dømmes til å betale A oppad begrenset etter rettens skjønn kr. 121 031,25,- med påløp av forsinkelsesrenter fra 03.08.2022 til betaling skjer .
  2. A tilkjennes sakens omkostninger.

Saksøkar endra sin påstand i sluttinnlegget til:

  1. Tesla Norway AS dømmes til å betale A oppad begrenset etter rettens skjønn kr. 69 000,- for utskifting av drivenhet.
  2. Tesla Norway AS dømmes til å betale A oppad begrenset etter rettens skjønn kr. 52 031,25 som erstatning for påløpte juridiske utgifter.
  3. A tilkjennes sakens omkostninger.

Saksøkar la ned slik endra påstand i sitt innleiingsforedrag og prosedyre:

  1. Tesla Norway AS dømmes til å betale A kr. 69 000,- i prisavslag.
  2. Tesla Norway AS dømmes til å betale A kr. 12 656,- i erstatning.
  3. Tesla Norge AS dømmes til å betale sakens omkostninger

Saksøkte sitt påstandsgrunnlag
Tesla aksepterer at A har høve til å rette direktekrav mot Tesla etter kjøpslova § 84 første ledd. Det er forbrukerkjøpslova som regulerer forholdet mellom A og Tesla.

Tesla gjer gjeldande at mangelsvurderinga må ta utgangspunkt i det opprinnelege leveringstidspunktet av bilen som var i 2013, jfr forbrukerkjøpslova § 18, jf § 7.

Tesla gjer vidare gjeldande at det ikkje ligg føre ein mangel ved driveininga fordi den er i samsvar med det «forbrukeren har grunn til å forvente», jfr fkjl § 15, 1. ledd b) jfr § 16.

Ved vurderinga av om det ligg føre ein mangel må ein gjere ei vurdering av kva forbrukaren objektivt sett hadde grunn til å forvente og Tesla meiner at forbrukeren objektivt sett ikkje hadde grunn til å forvente at bilen har ei driveining utan utskiftingsbehov etter 9 år og 250 000km i kjørelengde.

Subsidiært, dersom retten finn at det ligg føre ein mangel, er Tesla samd i at prisavslaget skal utmålast ved å sjå på utbetringskostnadane som er på kr 69 000.

Les om hva du kan gjøre om du oppdager feil og mangler på ny bil.

Tesla meiner eit krav om erstatning må fremmast etter fkjl § 33 og viser til at advokatkostnader knytt til arbeidet med forliksklagen og behandling for tingretten skal vurderast etter sakskostnadsreglane i tvistelova.

Tvl § 10-5 set eit tak for kor store kostnader som kan krevjast samla for desse to instansane. Det vert gjort gjeldande at det maksimalt er 4,5 timar som er pådratt før arbeidet med forliksklagen og eit eventuelt erstatningskrav må derfor avgrensast til desse timane.

Saksøkte sin påstand:

  1. Tesla Norway AS vert frifunne.
  2. Tesla Norway AS vert tilkjent kostnadane i saka.

Retten si vurdering
Forholdet er regulert av forbrukerkjøpslova (fkjl). Det er ikkje omtvista at A kan reklamere direkte til Tesla og det er heller ikkje omtvista at A har reklamert i rett tid etter fkjl §27. Det er heller ikkje omtvista at driveininga var skifta på grunn av feil i 2015 og 2018 eller at driveininga måtte byttast i 2022. Retten legg dette til grunn i den vidare drøftinga.

A har kravd prisavslag etter fkjl § 31. Føresetnaden for å få prisavslag er at det ligg føre ein mangel ved bilen som ikkje skuldast A, jfr fkjl § 26.

A forklarte i retten at han hørte ulydar frå sin Tesla Model S p 85 nokre dagar før han leverte den inn til Tesla Digerneset for undersøking. Det går fram av serviceestimatet av 27. juli 2022 at:

«Discovered during service: Car needs new rear drive unit.»

Spørsmålet vert såleis om det utgjer ein mangel at driveininga til bilen, ein Tesla Model S p 85, 2013 modell, måtte byttast i 2022.

Utgangspunktet for vurderinga vil vere forbrukerkjøpslova § 16, 1.ledd bokstav a:

«Tingen har en mangel dersom

  1. den ikke er i samsvar med ett eller flere av kravene i § 15.»

Det følgjer av fkjl § 15, 1. ledd at:

«Tingen skal være i samsvar med de krav til art, mengde, kvalitet, andre egenskaper og innpakning som følger av avtalen.»

Det følgjer vidare av fkjl § 15, 1.ledd b at dersom ikkje noko anna følgjer av avtalen skal tingen

«svare til det som forbrukeren har grunn til å forvente ved kjøp av en slik ting når det gjelder holdbarhet og andre egenskaper.»

Forbrukerkjøpslova § 18 regulerer utgangspunktet for mangelsvurderinga:

«Ved bedømmelse av om tingen har en mangel, skal det tidspunktet da risikoen går over på forbrukeren, legges til grunn, selv om mangelen først viser seg senere.»

A trer inn i første kjøpar sitt krav mot Tesla. Det følgjer direkte av ordlyden at vurderingstidspunktet vert transaksjonen mellom Tesla og den første forbrukaren i 2013, sidan det var då risikoen gjekk over på forbrukaren. Sjølv om driveininga er skifta i ettertid, tilsei både ordlyden og omsynet bak regelen at det er tidspunktet for den opprinnelege risikoovergangen og ikkje tidspunktet for den siste utskiftinga av driveininga, som skal vere utgangspunktet for mangelsvurderinga. Forbrukaren skal ikkje kome betre ut enn han ville gjort dersom driveininga ikkje var skifta, jfr FTU 1992-305.

Spørsmålet retten skal ta stilling til er såleis om det utgjer ein mangel ved bilen at driveininga må skiftast i 2022, om lag ni år etter at risikoen gjekk over på forbrukaren.

Det avgjerande for om det ligg føre ein mangel etter dette alternativet er om tingen har avvik frå den haldbarheit og eigenskapar tilsvarande ting vanlegvis har. Dette er ei objektiv vurdering der «typen, alder, innretning, synlig vedlikeholdstilstand», samt andre konkrete omstende er relevant i vurderinga av om tingen er dårlegare enn det ein kan forvente, jfr Agder lagmannsrett i LA-2017-193874.

Det er ikkje omtvista at driveininga er ein vesentleg del av bilen. Ei driveining gir kraft til bilen sin motor og gjer at hjula på bilen går rundt slik at bilen får framdrift. Slik retten forstår dette, vil bilen, utan driveininga, ikkje kunne brukast til å frakte personar frå A til B, noko som er ein vesentleg eigenskap ved ein bil.

I partsforklaringa til Trosholmen, som møtte for Tesla, fekk retten forklart at til forskjell frå ein motor i ein bil med fossilt drivstoff, er det ikkje krav til vedlikehald av driveininga. Trosholmen forklarte at ei driveining er ein livstidskomponent og det er ingen krav om serviceintervall knytt til driveininga. Tesla har vist til ein dom frå Kristiansand tingrett av 11. februar 2011 der retten kom til at ein dynamo er ein del av ein bil som ein må pårekne at ein må skifte ut med jamne mellomrom og at det derfor ikkje var ein mangel at delen måtte skiftast ut for andre gong etter seks år. Retten finn ikkje at saksforholdet er samanliknbart og viser til at ei driveining er ein livstidskomponent utan krav til vedlikehald. Forbrukaren har såleis grunn til å forvente at delen skal fungere tilfredsstillande i heile bilen si levetid.

Spørsmålet blir om forbrukaren kan forvente at bilen skal fungere som bil i ein driftsperiode utover ni år med ein kilometerstand på mellom 220 000 og 262 000, jfr Hagstrøm, Obligasjonsrett, 3. utgave, 2021, s 171: «…gjenstanden skal ha alminnelig funksjonsdyktighet i en rimelig driftsperiode.»

Det følger av juridisk teori (Hagstrøm, Obligasjonsrett) at kor lang levetid eit produkt er forventa å ha vil avhenge av erfaring for samanliknbare produkt.

Trosholm forklarte i retten at det ikkje finns nokon normaltal for kor lang levetid ei driveining har i elektriske bilar. Han forklarte vidare at det primært er køyremønster som har innverknad på levetida til ei driveining, men at generelt vil alder, km-stand og vegforhold også ha innverknad.

Det er ikkje sannsynleggjort at det er noko særskilt med køyremønsteret til eigarane av bilen som tilsei at driveininga må byttast ut.

A har lagt fram utskrift frå nettsida forbrukerveiledning.no som slår fast at levetida for ein fossil motor minimum skal ligge på 250 000 – 300 000 kjørte kilometer forutsatt rett vedlikehald. Tesla har gjort gjeldande at ein ikkje kan legge til grunn same kilometerlengde for elektriske bilar og viser til at dei garanterer for bilen opptil 240 000 køyrte kilometer og at det derfor må leggast til grunn at det er dette som er forventa levetid. Sjølv om garantitida vil gi ein viss peikepinn på kor lang levetid ein kan forvente av ulike delar i bilen, må dette vurderast i lys av at driveininga er ein sentral komponent som vert karakterisert som ein livstidskomponent utan krav til vedlikehald.

I mangel på statistikk og objektive erfaringstal knytt til normal livstid for driveiningar i elektriske bilar, og på bakgrunn av funksjonen til driveininga, finn retten at det mest relevante samanlikningsgrunnlaget er levetida for motorar i fossile bilar. Vurdert utifrå omtrentleg kilometerstand på bilen 27. juli 2022, og hensyntatt alder, kilometerstand i 2022, kor vesentleg delen er for bilen sin funksjon, at den vert karakterisert som ein livstidskomponent og tilgjengeleg statistikk for det næraste ein kjem samanliknbare produkt, finn retten etter ei samla vurdering at det er ein mangel ved bilen at driveininga måtte skiftast i 2022.

A skal såleis ha prisavslag og partane er samde om at dersom det er ein mangel så skal storleiken på prisavslaget vere kr 69 000,- og retten legg dette til grunn.

Når det gjeld erstatningskravet etter forbrukerkjøpslova § 33, er det ikkje omtvista at 4,5 timar forut for forliksklagen vil vere erstatningsmessig så sant dette ikkje er arbeid knytt til det å bringe saka inn for forliksrådet. A sin prosessfullmektig sa i retten at desse timane, totalt kr 12 656,- var knytt til naudsynt advokatbistand utanom utarbeidinga av forliksklagen. A har såleis krav på å få desse utgiftene erstatta.

A har vunne saka fullt ut og har såleis krav på å få erstatta sine sakskostnader, jfr tvl § 20-2. Det følgjer av tvl § 10-5 (2) at i småkravssaker så er det eit tak på 20% av tvistesummen når det gjeld kor mykje av salærkostnadane ein kan kreve erstatta i akskostnader. Utgangspunktet for berekninga etter tvl § 10-5 er tvistesummen slik den er etter stemning og tilsvar, jfr tvl § 17-2.

Tvistesummen på dette tidspunktet var kr 121 031,25. A sin prosessfullmektig har levert sakskostnadsoppgåve og det er kravd sakskostnader på «Totalt salær kr 16 331,-.». Dette er under 20% av tvistesummen. Det er ikkje kravd mva i tillegg til dette. Det er heller ikkje kravd erstatning for rettsgebyret. Dette er ei sak der partane har fri rådigheit og retten forheld seg såleis til det kravet som er sett fram. A får etter dette tilkjent kr 16 331 i erstatning for sakskostnader.

Dommen er ikkje sagt innan fristen i lova. Grunnen er sjukdom.

DOMSSLUTNING

  1. Tesla Norway AS vert dømt til å betale kr 69 000 – kronersekstinitusen – i prisavslag til A.
  2. Tesla Norway AS vert dømt til å betale kr 12 656 –kronertolvtusensekshundreogfemtiseks – i erstatning til A.
  3. Tesla Norway AS vert dømt til å betale kr 16 331 –kronersekstentusentrehundreogtrettien – i erstatning til A for naudsynte sakskostnader.
  4. Betalingsfrist for punkt 1, 2 og 3 er fjorten dagar etter at dommen er forkynt.

URL List

Av advokat Eirik Teigstad



Jeg og mine kolleger bistår til enhver tid svært mange uheldige bilkjøpere over hele landet. Jeg har bilteknisk bakgrunn og har skrevet boken "Heving og erstatning etter kjøp av bil og båt, 1. utg, 2023". Forsikringen dekker mesteparten av advokatutgiftene ved en tvist. Benytt gjerne skjemaet nedenfor.

    Har jeg krav på heving eller erstatning?

    Har jeg noen frister å forholde meg til?

    Send oss en uforpliktende e-post!